Bjåen Fjellgard
Bjåen Fjellgard er landets høgstliggande mjølkeproduksjon med mjølkekyr og ungdyr, 900 m.o.h. Me produserer omlag 200000 liter mjølk, 15 tonn med kjøt og disponerer 500 daa grovfôrareal.
Å drive landbruk så høgt til fjells gjev særskilde utfordringar, men også fordelar. Vinteren er lang med mykje snø og uvêr og vegen kan forte verte stengt. Sommaren er kort og me får berre ein slått. Det er få aktive gardsbruk i distriktet, og dermed heller Ikkje mange å samarbeide med. Men utmarksbeite er frodige og gode, det er lite smittepress og lite insektplager. Me prøvar å halde kulturlandksapet i hevd med beiting og skjøtsel.
I 2015 bygde me om fjoset og investerte i mjølkerobot. I tillegg har me 5 hestar, tre lyngshester og to ponnier. Ungdyra og mjølkekyrne er på fjell-og utmarksbeite om sommaren.
Bjåen Fjellgard stettar KSL (kvalitetsikring i landbruket) -krava til drift og HMS og IPT (Inn På Tunet).

Utmark og kulturlandskap
Kring og på garden har me mykje fornminne, spesielt etter jarnutvinningsperioden ca. år 800 -1300. Det er også mykje hustufter etter ulike tidsepokar. Utmarka var særs viktig for fjellgardane, både med fisk og vilt, men også dei frodige heiane med gras langt til fjells var svært verdfulle. Det er eit rikt og frodigt planteliv med stort biologisk mangfald, mykje knytt til husdyrbeiting. Mykje av fôret vart henta i utmarka, og dei grasrike myrane vart slege.
Me slår kvart år kring 10 da myrslått for å vedlikehalde mangfaldet, og for å lære noko av handverket og teknikken knytt til utmarkslått og stakkesetjing. Tamreindrifta var også sentral for fjellgardingane og bjåarane i ein periode på omlag 100 år.

Fiske og fangst
Fiskevatna er verdfulle for oss, og me fiskar og legg ned rakfisk på hausten. For tradisjonen si skuld har me også bruka å ha garn ute på isen, som er ein tradisjonellfiskemåte frå gamalt av. Snarefangst av rjupe var også tradisjonelt ei viktig næring, og me freistar å halde noko av denne kunnskapen ved like. Dette er aktivitetar me har røynsle med å ha grupper av elevar og studentar med på i fleire år.
