Bjåen Fjellstove

Snart 150 år med gjester på Bjåen Fjellstove.

Bjåen Fjellstove vart sett opp som Hotel Børte i Tokke i 1884. Det var då eit av dei fyrste hotella på vegen frå Telemarkskanalen til Odda, den mest brukte og enklaste reiseruta frå aust til vest før Bergensbanen og bilvegane vart bygt. 

I 1937 kjøpte Aslak og Ingebjørg Bjåen det staslege hotellet, med "interiør og alt i hop". Stokk for stokk dok dei ned det 3-etasjar høge sveitsehuset, og flytte det til Bjåen. Ingebjørg og Aslak tok i mot gjester fram til 1972. Det var mange gjennomreisende, og mange faste gjester som kom att år etter år. 

I 2007 opna dørene på nytt, med Ragnhild som vertinne. Det gamle huset står som det alltid har gjort, og gjev ei autentisk oppleving av ei anna tid. Historiane sit i veggane. I 2008 vart Bjåen Fjellstove den fyrste servering- og overnattingsbedrifta som vart godkjend Norsk Økoturismebedrift. I 2009 vart me kåra som landets hyggelegaste overnattingstad. 

Drifta i dag

Dei siste 5 åra har me berre hatt ope i periodar, sidan livet endrar seg. I dag er me ein familie på 4; Ragnhild og Anders og borna Mari og Sigurd. Me har i ei aktiv gardsdrift med mjøleproduksjon, og ein allsidig kvardag som skal gå opp, tilpassa til sesong og andre gjeremål. 

Me kan ta i mot mindre grupper og enkeltgjester på føresprunad, både for selskap og overnatting. Formidling av lokal historie,tradisjonar og kultur er i fokus, i tillegg til kunnskap om naturen ikring oss. Me brukar eigne og kortreiste råvarer, som fisk og vilt i serveringa. Formidling er ein viktig bit av kvardagen vår, både på garden og fjellstova og med prosjektet Fjellrein.  

Bjåen Fjellstove har 8 rom med tilsaman 12 senger. Kvart rom har sin eigen stil. Det er kaldt og varmt vatn på alle rom, på huset er det to toalett og ein dusj.

Bjåen Fjellstove kan vera ein god stad å arbeide, der ro og stille, fin natur og god mat kan gje nye tankar og inspirasjon.