Inn på tunet Bjåen Fjellstove og Fjellgard

Bjåen Fjellgard er sertifisert for Inn på tunet (IPT). Inn på tunet-tenester er tilrettelagde og kvalitetsikra velferdtenester på gardsbruk. Eit sams mål for alle IPT-tenestene er at tenestene skal gje meistring, utvikling og trivnad.

Me har landbruksfagleg og pedagogisk kompetanse og lang erfaring med undervisning og kurshalding. Me legg vekt på at aktivitetane skal tilpassast kvar einskild og vera fagleg forankra. Garden skal vera ein pedagogisk ressurs som skal gje meistring og trivsel, og me ynskjer at alle skal føle seg respekterte, inkluderte og trygge på garden. 

Mål for IPT-verksemda Bjåen Fjellstove og Fjellgard:

"Inn på tunet på Bjåen Fjellstove og Fjellgard skal gje brukarane ei oppleving av meistring, utvikling og trivsel. Oppgåvene skal tilretteleggjast til kvar einskild, etter kva behov og interesse brukaren har. Tilbodet kan utviklast i saman med skular, bornehagar eller andre aktuelle institusjonar. Alle ressursane på garden kan takast i bruk, og skape meiningsfulle kvardagar med trygge rammer".