Velkomen til Bjåen Fjellstove og Fjellgard

Sommar 2024

Me takkar for alle førespurnader, men me har kome fram til at me denne sesongen ikkje klarer å halde ope for servering og overnatting.

Bjåen Fjellstove er eit familieføretak, og det Fjellstova er ein del av gardsdrifta og det som skjer i livet vårt. Dei siste åra har det vore mykje på fleire hald, ikkje minst har far min, Sigurd,  gått bort og me saknar han på alle vis.

Me ser oss difor nøydde til å koma i hamn med prosjekt som står uferdige, og elles prioritere tida vår på familien og gardsdrifta dette året.

Men me håpar me kan koma sterkare attende!

Tak gjerne kontakt for meir informasjon: post@bjaen.no

Bjåen Fjellstove er ein stad  for deg som ynskjer å kjenne atmosfære frå den gamle tida kombinert med fjelluft frå Setesdalsheiane, hanegal og bjølleklang frå ei aktiv gardsdrift. Maten me serverar er basert på eigne og lokale råvarer, heimelaga frå botn av av oss.

Bjåen Fjellstove er sertifisert økoturismebedrift, og vart hausten 2009 kåra til noregs hyggelegaste overnattingsplass av søndagsmagasinet dagbladet.

Me ynskjer å gje gjestene våre gode stunder i ei heimsleg og varm stove, eller på vår altan med utsikt over Breivatnet. Me tilbyr fullpensjon og skjenkeløyve.

Bjåen Fjellgard er landets høgstliggande mjølkeproduksjon, 900 m.o.h.. Me har vel 30 mjølkekyr, og med ungdyr og kalvar tel buskapen på det meste opp i mot 100 dyr. Me produserar ca. 190 000 l mjølk i året, samt ein del kjøt.  Heiane og fjella kring Bjåen er frodige beite, og alle kyrne og ungdyra er ute på kulturmark og fjellbeite i fleire veker om sommaren. Lik som det alltid har vore mykje buskap i heiane her.

Bjåen Fjellstove og FJellgard er også sertifisert som Inn på tunet gard. Sjå www.innpatunet.no.

Ragnhild jobbar også med Fjellrein . Dette er eit formidlingsprosjekt der me ynskjer å formidle kunnskap om lokal natur og kultur, byggje identitet og stadeigenhet. Med å nytte kunst og forteljingar saman med naturfagleg og lokal kunnskap, ynskjer me å lage opplegg som er tilpassa ulike alderstrinn og ulike grupper. Sjå meir på  heimesida vår: www.fjellrein.no.

2182Hovden_11878.jpg