Kva skjer

Sommar 2024

Me takkar for alle førespurnader, men me har kome fram til at me denne sesongen ikkje klarer å halde ope for servering og overnatting.

Bjåen Fjellstove er eit familieføretak, og det Fjellstova er ein del av gardsdrifta og det som skjer i livet vårt. Dei siste åra har det vore mykje på fleire hald, ikkje minst har far min, Sigurd,  gått bort og me saknar han på alle vis.

Me ser oss difor nøydde til å koma i hamn med prosjekt som står uferdige, og elles prioritere tida vår på familien og gardsdrifta dette året.

Men me håpar me kan koma sterkare attende!

Og går det som me ynskjer, så vil me starte med nokre få arrangement utover hausten.

Me håpar de har forståing for dette, og er veldig takksame for alle som har kome med hyggelege førespurnader!

Med ynskje om ein god sommar til alle,

venleg helsing

Ragnhild på Bjåen Fjellstove

Tlf.: 97155908 / 37885700

e-post: post@bjaen.no

376844_10150968240322825_1727514793_n

Me skal legge ut informasjon om eventuelle aktivitetar på Bjåen Fjellstove si side på Facebook;

http://www.facebook.com/bjaenfjellstove