I øvste etasjen har me Nr. 12. Det er ein liten gåvebutikk der me håpar du kan finne noko som freistar både til deg sjølv og andre.
Me ynskjer gjerne å vise fram produkt med ein god kvalitet og spanande design som har ein etisk og økologisk profil.
Me har m.a. heimestrikka votter og luer, klede frå iiS of Norway og borneklede frå Little Mountains, undertøy i ull og silke frå Vera&William, nydelege handklede i økologisk bomull frå Global FairTrade, vedbrent keramikk frå Linda Lid, Fjellsmykke og andre flotte smykke frå Linn Sigrid Bratland. Og så er me stolte over å vera ein av dei få stadene i Noreg som har sko frå islandske Kron by KronKron.
Sjå gjerne lekkjene: