Bjåen Fjellgard

På Bjåen har me landets høgstliggande mjølkeproduksjon.

Her har me vel 70 dyr i fjøset, 28 mjølkekyr og ungdyr attåt. Fjøset vart bygd som ei samdrift starta av far til Ragnhild, Sigurd og fetteren i 1979. Dei dyrka opp gode 300 mål, bygde ein moderne driftsbygning med lausdrift med 2*3 fiskebein mjølkestall. I dag slår me omlag 450 da, med fyrste og einaste slått i slutten av juli. Alle kyrne er ute på fjellbeite i august og september. Me ynskjer å satse vidare med mjølkeproduksjon, og driv no å planlegg ombygging og utviding.

Fjellskogen, myrane og flottene kring Bjåen er veldig frodige med grasvekst til opp i 1200 m.o.h. Det var tidlegare mykje husdyr i heiane her, det vart både leigd ut til beite, og bjåarane dreiv med kreaturhandel og husdyrdrifter til kring 1950. Landskapet og vegetasjonen er sterkt prega av beiting.Det meste av fôret vart henta frå utmarka, særleg er det frodige myrar som vart slege og graset sett i stakk.

Me ynskjer å ta vare på kulturlandskapet og det biologiske mangfaldet rundt oss. Difor legg me vekt på å bruke utmarka til beiting, slik det har vorte gjort all tid her på Bjåen.

Slåttemyrar og slåttemarker er dei mest truga naturtypane i Noreg og Europa. Slike myrar og marker er veldig artsrike. Men mange av desse artane er avhengig av slått for å overleve og ikkje verte utkonkurrerte av andre artar. Slike naturtyper er difor avhengig av tradisjonell bruk dersom dei skal takast vare på.

På Bjåen slo dei i utmarka og på myrane langt ut på 60-talet. Det er difor fleire myrar som har eit sterkt slåttepreg enno. Me ynskjer å taka vare på artane som veks her, og vil halde fram med å myrslått og stakkesetjing. Det er også mykje handlingsboren kunnskap som ligg i ljåslått og det å setje stakk i utmarka.

 

IMG_6969