Me lagar all mat i frå botn av, på vårt eiga kjøkken. Råvarene er så langt me klarer å få tak i kortreiste, gjerne heimeavla, økologiske og frå produsentar me kjenner. Hovudrettane er mykje basert på eiga vilt og sjølvfiska aure frå Breivatn. Me freistar å halde på tradisjonen frå Gome med “god, kraftig bondekost”, gjerne av oppskrifter henta frå kokeboka hennar.
Me prøvar også å fylgje årstidene med råvarene, og kombinasjonane kan difor variere noko gjennom året.
Velkomen til bords!